Heim

velkommen til Spons ein sau!

Spons ein sau! er eit tiltak for å oppretthalde eit ope og variert kulturlandskap i Fjærland.

Ved å delta i Spons ein sau! kan du vere med på å sikre at talet dyr på utmarksbeite er tilstrekkeleg til å hindre attgroing. Dette er viktig for at folk også i framtida skal få oppleve Fjærland sin flotte natur, og for at viktig ressursar ikkje skal gå tapt.

Spons ein sau! er eit skjøtselstiltak som starta i 2004. Målsettinga er at fleire bønder startar med sau, samt at etablerte sauebønder held fram og aller helst auker buskapen sin.

Som sponsor får du eit sponsorbevis, samt ei stamtavle for den sauen du er sponsor for med namn, bilde, avstamming, rase og beitejournal. Du kan også delta på tilsynstur med bonden for å sjå til dyra, og du kan kjøpa kjøtt og ull til hausten. Det kostar 450 kr å sponse og avtalen gjeld for eit år i gangen.

Undermeny